Fredag - 30.07.2010
Nyheter

Bli tilhenger av RadiOs
Se Mobergsneset i panorama
Tjenester

Lenker

Om RadiOs

Tips oss!
Kjøp og salg!
Gitar eller ikke - noe finner du
Legg ut hjemmesiden din
Gratis spill
Lokal:

Flere spennende navn er klar for festivalen

Solveig Slettahjell kommer til festivalen på Os i juni.
Vi vet at John Mayall og Bertine Zetlitz kommer til den tiende Osøren Blues & Jazzfestival i slutten av juni, men også flere andre spennede navn som Solveig Slettahjell og unge lovende Fredrik Strand Halland fra Bergen er nå klar.

Osøren Blues & Jazzfestival rundar 10 år i 2008 og markerer jubileumsåret både med å invitera ein av dei største europeiske legendene og inspiratorane innanfor bluesen, sjølvaste John Mayall, og nye spennande spelestader for publikum, mellom anna ein jernbanehall frå den gongen blues høyrde til på andre sidan av Atlanterhavet.

Osøren Blues & Jazzfestival har endeleg blitt tosifra. 10 år har entusiastane stått på, lagt ned tusenvis av dugnadstimar og presentert musikk i nasjonal toppklasse både innanfor blues og jazz. Årets utgåve skil seg ikkje nemneverdig frå dei ni føregåande, men det må vera lov å seia at festivalleiinga med Gunnar Nagell Dahl i spissen har tatt fram stortromma når dei har valt å henta over ein av dei største inspiratorane innanfor denne musikkforma, John Mayall, og hans Bluesbreakers.

- Vi har stort sett alltid halde ein nokså nasjonal profil på festivalen, men synes vi må ha lov til litt ekstra denne gongen, seier Nagell Dahl. Ikkje for det, festivalen har tidlegare kunna by på store namn også frå utlandet, i tillegg til gode og interessante norske utøvarar.

- John Mayall er no likevel toppnamnet så langt i løpet av dei åra som har gått sidan festivalen tok til i 1999, held Nagell Dahl fram og vedgår at han gler seg, han òg.

Men Osøren Blues &Jazzfestival er meir enn ei gammal blueskjempe frå England. Det er barnekonsertar, utstilling og festivalkunstnar, jazz på toppnivå, cruise på fjorden og ei mengd med både kjende og meir ukjende namn. Festivalen har aldri vore redd for å presentera nye og uskrivne blad, grupper som har vore kjende for dei innvigde og grupper som ein har sett har framtida for seg. Det er heller ikkje tvil om at mange har blitt reine publikumsyndlingar og nærast høyrer til under dei knappe tre dagar festivalen går av stabelen i slutten av juni. Det er nok å nemna populære Jolly Jumper & Big Mo og Good Time Charlie, som har fått æra av å dela scenen med John Mayall på fredagskvelden. Vetrhus Bluesband er ein annan gjengangar som er der fordi dei er så umåteleg etterspurde i Os. Å reisa på bluescruise med dei er det nærmaste ein kjem full storm sjølv i stille ver. Hungry John kjem også, det skulle nesten berre mangla i eit jubileumsår. Vi gløymer heller ikkje Twang Gang frå Voss og Fredrik Strand Halland, det unge talentet frå Bergen

- Jazz skal det også vera i jubileumsåret, det er det andre beinet festivalen kviler på, seier Gunnar Nagell Dahl og nemner Trio de Janeiro, latinamerikansk nyting med norske toppmusikarar, Solveig Slettahjell m/band, Bertine Zetlitz og bergensk nestor Dag Arnesen med sin trio. Alt er ikkje heilt spikra enno, legg han til, men nemner at det blir kyrkjejazz med mellom andre Henning Sommerro og naturlegvis blues- og jazzcruise om bord i MS Midthordland mellom anna med jazzveteranane Osøren Jazz Ensemble, også eit naturleg val i eit jubileumsår.

Opninga er ved Bergen ungdomsstorband, så dermed skulle det meste vera tatt med, så langt. Men Gunnar Nagell Dahl har meir på lur:

- Alle som har vore på festivalen, kjenner Fjellheim. Det blir naturlegvis ein av spelestadene, men i år legg vi dei største konsertane til Vognhallen heilt sentralt på Osøyro. Det er ein 70 m lang og 10 m brei jernbanebygning som vart reist i 1890-åra då Os fekk togsamband med Bergen. Vi bruker også Oselvarnaustet på andre sida av elva, i tillegg til Peppes og Kaien. Vi samlar med andre ord fleire aktivitetar nede på sjølve Osøyro, seier han og er ikkje redd for at dårleg ver skal piska regnet inn i den halvopne hallen.

- Festivalen har eit godt forhold til høgre makter, så veret har alltid vore på vår side, og skulle vi koma på kant med kvarandre, har vi råd for det også, smiler han.


 



Publisert: 28.03.2008 - 13:40
Artikkelen er skrevet av Jan Petter Svendal
Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon

Tips en bekjent om denne saken:
        Mottakers epostadresse: 
        Din epostadresse: 
        Kommentar: 


Slå på radioen du også!
Lokal:
Branntilløp i bolig
Branntilløp i bolig
Brannvesen og politi rykket ut til melding om brann i en bolig torsdag kveld.

30.07.2010 - 09:08

LES HELE SAKEN | Lokal

Aktuelt:
Over 800 000 nordmenn risikerer ID-tyveri
Over 800 000 nordmenn risikerer ID-tyveri
Én av fem nettbrukere benytter samme passord overalt på internett.
- Livsfarlig, mener norske sikkerhetseksperter.

30.07.2010 - 09:44

LES HELE SAKEN | Aktuelt
Lokal:
Innbrudd i bil og hytte
Innbrudd i bil og hytte
Innbrudd og grovt tyveri fra bil og innbrudd og tyveri fra hytte melder politiet i Os om.

29.07.2010 - 09:55

LES HELE SAKEN | Lokal

Siste nyheter Mest leste i dag Markedsplassen
Over 800 000 nordmenn risikerer ID-tyveri
30.07.2010 - 09:44
Branntilløp i bolig
30.07.2010 - 09:08
Kommer Stones tilbake?
29.07.2010 - 10:06
Innbrudd i bil og hytte
29.07.2010 - 09:55
Steiner raste ut på E39
29.07.2010 - 09:19
Trusler, innbrudd og åpnet post
28.07.2010 - 09:27
Båttyver tatt på fersken
28.07.2010 - 09:16
Kårer Norges beste rasteplass
28.07.2010 - 09:01
Tømte bolig for antikviteter
27.07.2010 - 12:12
Pågrepet etter to innbrudd
27.07.2010 - 09:20
Branntilløp i bolig
30.07.2010 - 09:08
Båttyver tatt på fersken
28.07.2010 - 09:16
Over 800 000 nordmenn risikerer ID-tyveri
30.07.2010 - 09:44
Innbrudd i bil og hytte
29.07.2010 - 09:55
Steiner raste ut på E39
29.07.2010 - 09:19
Osing vant 13 millioner
26.07.2010 - 08:57
Trusler, innbrudd og åpnet post
28.07.2010 - 09:27
Nå har vi overnatting
27.07.2010 - 07:44
Kårer Norges beste rasteplass
28.07.2010 - 09:01
Kommer Stones tilbake?
29.07.2010 - 10:06
ØNSKER Å KJØPE HUS I OS
29.07.2010
Ønskes leid
22.07.2010
10 HK Mariner
19.07.2010
Politistudent søker bolig.
19.07.2010
Psp
16.07.2010
Honningslynge
08.07.2010
Leilighetsbygg i Sverige
07.07.2010
Hus/Leilighet ønskes leid
05.07.2010
hus el leilighet ønskes
04.07.2010
bolig til salg
01.07.2010
Port123.no
Spill
Pyramid Solitaire
Spill dette spillet

Match kort som blir 13 for å rive ned pyramiden. Du får poeng for de kortene du får fjernet!

» Flere spill
RadiOs
Postboks 234 - 5202 Os
Telefon : 56 30 14 30 - Telefaks : 56 30 21 01 - E-post : redaksjonen@radios.no
Org nr : 976949595
Publisert med  Visto News Publishing